lørdag 25. august 2012
Ikkje
Eg er
Eg er ikkje
Eg er ikkje snill
Eg er ikkje vill
Eg er ikkje kul
Eg er ikkje tøff
Eg er ikkje modig
Eg er ganske snodig
Eg er ikkje tøff
Eg er ikkje kul
Eg er ikkje vill
Eg er ikkje snill
Eg er ikkje
Eg er
Ikkje
fredag 24. august 2012
Memento mori
Då skal vi møtast
Att
Eg og du
Og aldri skiljast
Meir
Memento mori
Ja, eg gjer det
Heile tida
Og du ventar
På meg
Det veit eg
torsdag 23. august 2012
Den som aldri forsvinn
Du er fortsatt med meg
Som ei stille tikking
Som bølgjeskvulp
Som eit pust på huda
Du er ei lydbølgje
Eit sus om natta
Ei kviskring på vegen
Til og frå jobb
Du er fortsatt med meg
Sjølv om du er borte
Du vil aldri forsvinne
Du er der, som eit
bakteppe
I alt eg gjer.
onsdag 22. august 2012
Frost i hjarta
Vinter i hjarta
Frost og kalde vindar
Det var ikkje slik eg
ville det
men det var slik det
vart
No heng istappane
kalde
frå det som var gleda
mi
Håpet mitt
Alle mine lengsler
Men der det er frost
kan det bli vår og smelting
Varme og vakre blomar
Det er det eg håpar på
Mitt tynne håp
Medan isen knugar
Og frosten knuser
seg veg gjennom
draumane mine
tirsdag 21. august 2012
Tårene mine
Sakte sakte
Dryp doggdråpar ned
Frå bøygde grasstrå
Dei dett ned på jorda
som ikkje lenger er
berre jord
No er det jord som
Dekker mine håp og
draumar
Jord som dekker deg
Sakte sakte
Dryp tårene mine
Ned i den same jorda
Gråt saman med meg
og graset
som syrgjer over tapet
av nakne barneføter
ein varm sommardag
mandag 20. august 2012
Mørke stjerner
Av og til
Er stjernene mørke
Som det mørkaste kol
Av og til
Er det umogleg å sjå
lenger
Enn ei armlengd
framover
Alt utanfor
Er mørkt og svart
Av og til
Er det umogleg å vite
Kor ein skal setje
foten
Kor det er trygt
Av og til
Kjempar ein mot sjølve
livet
Og ein er dømt
Til å tape
Av og til
Abonner på:
Innlegg (Atom)