alt
speglar seg i vatnet
trea
speglar seg
fjella
speglar seg
himmelen
speglar seg
og
leitar etter skuggen av seg sjølv
i
djupet
alle
speglar seg i vatnet
og
ventar å finne fragmenterte bitar
av
seg sjølv i det andre elementet,
finne
sine eigne fargar
og
noko av sitt eige sjølv
i
djupet
på
dei stille, rolege dagane
når
vinden ikkje er til stade
for
berre vinden bryr seg ikkje,
berre
vinden bles av heile greia
og
rotar opp vatnet
så
fargane forsvinn
og
ingen kan sjå eller finne
nokon
ting
i
djupet