torsdag 17. november 2016
mandag 14. november 2016
fredag 11. november 2016
På grensa til havet
her,
heilt på grensa
til
det store havet
kjenner
eg armane dine
rundt
meg
ein
vind som pustar
ein
tanke som kviler
i
vissa om dette sikre
haldepunktet
armen
er stødig
som
eit urokkeleg fjell
også
når du opnar opp
for
mine feilsteg
let
meg balansere
på
kanten, prøve
mine
eigne vaklande bein
ved
djupet
klar
til å fange meg inn
om
eg fell,
klar
til å la meg vere
om
eg står
torsdag 10. november 2016
mandag 7. november 2016
fredag 4. november 2016
onsdag 2. november 2016
Abonner på:
Innlegg (Atom)