fredag 7. februar 2014

Søsken




Det skulle vere lett å forstå
at ingen kan fylle plassen
i eit hjarte
som ein bror
med trehjulssykkel
og plass på bagasjebrettet
og plass i leiken
og plass i hjartet
til ei lita søster med tindrande auge
og håpefull stemme
og ei grenselaus tru på at han,
sjølve Broren,
at han sjølvsagt har rom for ein søsterkropp
i leiken

Ja, det skulle vel vere lett å forstå!


torsdag 6. februar 2014

Sid in the skies without diamonds / Sky Shape Delirium




My video recorder
got broken
My PS4 is out of order
The radio plays nothing
I want to hear
The lightness of life
is too hard to bear…

Then I flatten my body
And flatten my soul
In an already flatten out world –

Just watching the clouds,
I’m breathing fresh air
Letting time pass – Let it go

Sid in the skies
without diamonds
Speaks a language of heart,
I’m responding – alive!
Indeed, it’s just a SSD…



(Ein stück himmel #101, Is it just me, or does the clouds on my picture really look like Sid from the Ice Age movies?)



onsdag 5. februar 2014

Bølgjene




Bølgjene slår og slår
mot den stranda
vi kallar livet

Slår sine taktfaste slag,
slepper seg sjølv
laus på verda

Det er noko nake, noko sårt
over slike handlingar
slik ein sjølvutslettande repetisjon

på ny og på ny og på ny
kjem dei veltande
gir seg sjølv, fullt og heilt –

medan dagane går…
som i ein virvlande dans
vi kallar livet

Den store fridomen




Det er den store fridomen,
å henge slik og sveve
under himlingen –

Men det vert ikkje store fridomen
om ikkje tauet er festa
der oppe…


tirsdag 4. februar 2014

Ein annan pappa




Eg skulle ynskje eg hadde ein annan pappa
enn deg
sa veslejenta (ho er fire), i fullt alvor
- ho var ikkje sint ein gong,
berre litt irritert –
Ja vel, sa eg
og korleis er denne pappaen, då?
- Han skal vere kuul
Heile tida
sa ho, men kunne ikkje seie noko meir
om kva det innebar –
No høyrer det også med til forteljinga
at eg
den ukuule pappaen
nettopp hadde sagt ho skulle vaske hendene
etter at ho var på do
- slike uhyrlege krav
kan få fram det verste i den beste –