mandag 4. februar 2013

10.40



Klokka er no 10.40
eit ubegripeleg minutt
av den store æva
tikkar av garde
som ei mitraljøse
lev, lev, lev, lev, lev, lev, lev, lev
og dreg meg av garde
som etter håret,
eg kjenner luftstraumane rundt meg
etter kvart som sekundvisaren fyk
over skiva

Korleis skal eg få gjort noko
i denne svimlande farta?

Klokka er no 10.41

søndag 3. februar 2013

Alle vegane



Det er så mange vegar
som fører ut av denne byen
Kor endar dei, alle saman?
Fører dei meg dit eg vil,
eller fører dei meg av garde
på ville vegar
der ingen bør gå?

Kva spor skal eg velje, kva veg
skal eg fylje
utan kart eller kompass, utan skilt
eller retningssans
i eit landskap så fjernt
frå eigne draumar

Alle vegane, som utstrekte trådar
framfor meg
Eg må velje ein av dei
og får aldri sjansen til
å velje på ny

lørdag 2. februar 2013

Ei stridig sag



Det var den verste saga
eg nokon gong hadde eigd

Då eg skulle sage
bøygde den unna i stille protest

Eg kjefta og smelte
men saga berre smilte opp til meg

og humøret mitt blei endå verre
til slutt kasta eg den frå meg i sinne

Så snudde eg meg for å gå
men då begynte saga å syngje!

Melodien var vakker og sørgmodig
og plankane mine lytta i andakt

Plutseleg begynte dei å dele seg opp
i passe store stykke

og stabla seg fint inntil veggen
akkurat der eg ville ha dei

Undrande såg eg på saga
som fortsatt song og fortsatt smilte

Det var den beste saga
eg nokon gong hadde eigd

Eg lét den syngje i fred
og forlét den med klokare hjarte

fredag 1. februar 2013

Grey and red




All my black
fades to grey
as I’m doing wrong
with right intentions

All my former white
(of no remembrance)
stained with red spots;
my guilt and sinful blood

The proudness of my heart
is shrinking at the sight,
facing all my own wrongdoings

My life is grey,
neither black nor white
it’s all mixed up
I can no longer see the difference

I pray: Do not spit me out
I’m clinging to Your
throne of new beginnings
with my last piece of weakened strength

and I’m begging You
to cover all my grey
and all my red
with Your            grand                 white