Viser innlegg med etiketten respekt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten respekt. Vis alle innlegg

onsdag 13. november 2013

Det gamle treet



slik ei stille kviskring
frå det gamle treet,
det som før strekte armane utover, oppover,
femna vidt og høgt
og majestetisk –
no peikar det mot molda, mot mose og lauv,
mot det vesle livet
som ingen ser

det gamle treet kviskrar stille
og peikar audmjukt, forsiktig;
det har lært av livet – noko om verdiar

no er det bøygd,
men langt frå knekt

tirsdag 10. september 2013

Byte med månen



Eg byta plass med månen i natt
Sakte glei eg over himmelen,
sende svake strålar ned mot jorda
Lyste opp det dunkle – så vidt,
medan månen tusla rundt i gatene mine,
i mine sko og i mi jakke,
prøvde å gjere seg liten og usynleg –
Det gjekk som det måtte:
Eg heldt ikkje ut alt eg fekk sjå,
og månen følte seg annleis
og utanfor –
I dag byta vi difor plass att,
og såg kvarandre med nye auge
- ein ny respekt for andre liv

fredag 12. juli 2013

Skog

Eg elskar skog
som ikkje gjer seg til,
ikkje står fram som noko anna
enn seg sjølv
men berre står der, staut og rak
og heil
seier, her kan du gå, her kan du vere,
så lenge du let meg vere som eg er

Eg elskar skog
som eg kan møte med opne armar
springe i danse i vere i og vite:
Vi er god nok, begge to
og let kvarandre vere som vi er