mandag 19. januar 2015
Det andre
det er tunge konstruksjonar
og kviler med all si vekt
på vår skuld
og våre feilgrep
det er lange strekk
over alt det vi skulle gjort
men aldri rakk
- fordi vi ikkje ville
det er mørke skuggar
ved avtrykka
etter tida vi har brukt
på alle no forkasta tankar
ja, alt er brukt,
alt er borte - ikkje noko er att
av våre draumar
og det vi samla i tomme hender
men...
om konstruksjonane smuldrar
er det vekta som lettar
om hendene er tomme
vert skuggane færre
og berre det andre står att
det andre -
det vi aldri tenkte, aldri greip,
det som no er einaste brua over -
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Gode refleksjonar.
SvarSlettEin kan spørje seg ... ikkje berre godt å tenkje på, kva har eg brukt tida, og livet på...
Fin tysdag frå Anne-Mari
Amazing photos. I especially like the reflection. Does get me thinking.
SvarSlettEn förträfflig tolkning av temat. Gillar fotot skarpt
SvarSlettEtt ord "vackert"
SvarSlettNice reflection!
SvarSlettVilka läckra bilder, särskilt den andra, speglingen!
SvarSlettLovely shot, great reflection
SvarSlettMollyxxx
This is a great bridge! And I also like the reflection, too! Nice shots!
SvarSlett