tirsdag 31. desember 2019

Slikt som endrar seg

dei ulike delane flyt frå kvarandre,
element frå den same teksten
bokstavar frå det same ordet

det er ikkje lenger mogleg å sjå
kva som ein gong stod
kva er sanning, kva er det motsette
kva har me mista som me aldri får att

når tidevatnet skiftar
og dei ulike delane kjem flytande tilbake
legg seg til ro
langs stranda

er alle ting endra, alle rekkefølgjer
stokka om
og me må lære å lese på ny


mandag 30. desember 2019

Men

me kan gjerne seie at me skal
men me kan ikkje vite
kan aldri
vite heilt sikkert kva som skjer
i sekundet etter dette -

alle planar kan rulle, som visarar
rundt urskiva
alle planar kan falle som steinar mot våt jord

så, me kan seie at me skal
og vil gjerne vite at me vil
og tenkje at me trur me ynskjer det me gjer,

likevel: etterpå, når alt er på papiret
må me avslutte det heile

med eit
men

søndag 29. desember 2019

Haien i meg

bak auga mine
svømmer haien

alltid ventande, alltid svolten
ser, stirar, lurer, ventar, ventar
på feilsteg
ei glipe i det perfekte bildet
eit fall
ei tåre

ventar
at noko skal skje
at nokon skal sakke etter
at nokon skal opne opp, vise seg 
svake

sym rundt
i det store djupet
som ein stille tornado, alltid vaken

alltid klar

alltid 
svolten


lørdag 28. desember 2019

Ny form

verda tek form rundt meg, vert til i auga
til den som ser, men ikkje kan fatte
at dette som skjer, dette som har skjedd
heile vegen, er like nytt no som for tusen år sidan

forma faldar seg ut framfor auga mine,
vert til tre og roser og formasjonar
ingen har sett før, fordi me går rundt
med attlatne auge og stirrer oss blinde på det som er svart

i det eg lenar meg ut glaset og stirrar på verda
med nyvaska, nystøypte auge
brettar landskapet seg ut og stråler mot meg
som ein stille protest, ein refleksjon av noko endå vakrare

rommet rundt meg er også ei form, den same
tenkjer eg og smeltar saman med veggane og taket
før eg ser at også dette er nytt, også dette rommet er endra
frå den gongen me dansa rundt her på yngre bein

verda er ei form, hovuda våre er ei form, det liknar
men er ikkje på same frekvensen - alt snurrar, alt vrir seg
ut av hendene våre før me rekk å lukke dei og preservere
dette sekundet, denne vesle stunda me har saman i den nye forma

før alt endrar seg på ny

fredag 27. desember 2019

Glipe til verda

er dette mitt fjes?
er det
du
som kikkar på meg 
gjennom stengde dører,
du
som
ler

som er den andre sida, vrangsida
av mitt eige spegelbilde

du, mitt fjes
mitt eige
         skodespel
for verda, ei scene eg kan falde ut
og pakke saman

ei glipe mellom den eg er for meg sjølv
og verda
slik den er
frå alle andre synsvinklar

er det?
slik?


torsdag 26. desember 2019

Isbjørnen

den dagen isbjørnen kom
som eit antimagnetisk felt
nedover gågata,
den dagen me forstod
kor skjøre desse husa av papir er,
kor smale vegar, kor tynne gliper
mellom liv og død

den dagen isbjørnen kom
og nordlyset drukna
i våre eigne smeltande hjarte

fortsatt bankande som tornadoar
i møte med den absolutte stilla

 

onsdag 25. desember 2019

Vente på lyset

det er alltid midt på dagen
ein eller annan stad i verda

det vil seie, at ein eller annan stad
vil det alltid vere midt på natta

somme menneske går alltid vestover
og held jamn fart med sola,
slik at skuggane alltid kviler rundt føtene
og hovudet
og tankane

ikkje fordi dei vil det sjølve
men fordi det var slik livet vart

difor

kan me ikkje berre slutte å slenge steinar
og i staden
halde rundt kvarandre,
stoppe opp litt, gi tid,
slik at sola rekk å ta oss igjen
og dei som vandrar i skuggane
            igjen kan oppleve at det vert lyst?