lørdag 25. august 2018

Utsnitt #2




eg flyttar auga mine
endrar perspektiv –
set opp nye parameter
å tilpasse pusten etter

kanskje er eg ein drøymar
kanskje har eg oppfatta noko djupt
menneskeleg;

at den einaste måten
            å komme seg fram på
er ved utviding og endring
av eige perspektiv



fredag 24. august 2018

Utsnitt #1




det auga mine ser
er eit utsnitt av universet
eit vindauge
av tid, rom, lys
og kjærleik

alt som ligg utanfor grensene
av det som er meg
vil for det indre auget
alltid ligge i skuggen


torsdag 23. august 2018

Indre reise



somme tider kan eg reise
som ein svevande ørn
over mine indre landskap

den naudsynte høgda
skapt av ironisk distanse
til mitt eige sjølv
gir luft under imaginære vengjer

så kan eg liggje her
flyte på vinden
sjå ned på mitt kuperte landskap
der alt er kjent

vere tilskodar til eigne handlingar
og le – når komedien trengjer gjennom
og gråte
kvar gong heltane dør