onsdag 22. november 2017

Det mørke



skjult i djupet
vernar det mørke, ukjente
sine løyndomar

våre stirrande auge
forstår ikkje det vi ser

for vi kan berre sjå og sjå
og ikkje fatte
at undergangen kan komme
på denne måten

at det mørke vatnet
kan knuse og øydeleggje
draumane, håpet, songen
berre ved å vere der,

som eit mørkt forsvinningspunkt
bak det tynne sløret
vi tenkjer er solide murar –



fredag 17. november 2017

Alt rundt



eg er ikkje redd for månen,
denne ukjente, runde kula
som skjuler så mange
mysterium – eller

kanskje er den berre sand,
steinar, aude ørkensletter
sirkulerande rundt
sin frodige storebror

nei, eg fryktar ikkje månen;
det er alt det andre
alt rundt,
det store, vide, endelause rommet –
som bles liv i det tause monsteret
alltid kvilande under fornufta


mandag 13. november 2017

Haustmorgon #5



som ustyrlege rakettar
susar fuglane forbi i lyset

eit sekund er dei der
så er dei borte

med tolmod ventar eg
på neste glimt av morgondansen