lørdag 24. januar 2015

Prikkar



1
det eine som skil seg ut
mot ein bakvegg
av skuggesette håp

det eine som veks i styrke
i dét mørket legg
sine klamme hender om verda

det eine som overgår dei andre
fordi det er nærare, større
og meir – verkeleg




2
eg ser verda lande i støvet
som eit dekk utan luft –
det er eit filter som raknar,
eg ser alle ting
som dei er

ei visse stig fram i kjølvatnet,
ei reaksjonsrekke i sinnet;
desse bygningane
fjella og skogane
er ein gøymestad

enn så lenge, enn så lenge –




3
i dag er verda dekka av søle,
det siv vatn inn i sundslitte sko

regnet renn gjennom snøen
og alt er grått –

men under her, under dette laget
av sorg og nedstemte kjensler

ligg det noko og gror, noko som ventar
på si tid – sin sjanse

og atter byrjar å stige
som lyse reflektorar

av det eine som veks i styrke
det eine som overgår alt anna –



(Fototriss)

onsdag 21. januar 2015

Mordor




i det indre av hjarta
sentralt plassert
ligg det eit Mordor
hos kvar og ein

der elden brenn
og lengten etter
den ultimate
makt og ære
strøymer som lava
ut i blodet

og kvar og ein
har sin ring
som må kastast i flammane
for å sløkke tørsten
etter seg sjølv –

tirsdag 20. januar 2015

Livet mitt




livet mitt er ei rekke
påbegynte
og uferdige tekstar,
lausrivne ark
frå dei store protokollane,
dei som berre ein kan bla
og ingen kjenner
framhaldet på neste side;

slik kan eg vandre
subbande gjennom kvardagen, utan
å få med meg konteksten
til alle mine ord –
berre skuggane eg lagar
på bakveggen
og dei grunne spora i molda
der eg aldri meir skal trakke

så står kanskje pennen i ro
lyfta over livsarka mine
og ventar, truleg på eit trekk
frå mi side – eit initiativ
kanskje eit ja, eller eit nei
som eg har så vanskeleg med
å presse fram

for livet mitt er ei rekke
tal på tal
i merkelege mønster
eg ikkje forstår;
det er sjølve livs-
matematikken eg reknar
i sinne, noko irritert, vel vitande
om han som sit med fasiten
tett til brystet –