onsdag 25. juni 2014

Byfuglar



Flygande auge
over ein by,
trassar tyngdekrafta
og alle organiserte reglar




Flygande
over ei maurtue
- ser våre bundne steg
med eit skuldertrekk





Rastande føter
tek alt som sjølvsagt,
utan livet sjølv
- utan lengten
etter sorglause svev
over gater og hus



tirsdag 24. juni 2014

Sommarminne



Eg hugsar dei dagane
barne-tv vart gløymt
og innetidene vart utsett
litt til –
då vi sprang barbeint
med grønske på knea
og støvgrå tær
gjennom nyslått gras,
over altforvarm asfalt,
i rislande, iskalde bekkar

dei dagane vi måtte klatre
i murane, strekke oss
innover buskane
for å få tak i frisbeeane
eller badmintonballane
eller papirflya
eller sprettballane

og lukta av sommar,
lukta av varme kroppar, varmt gras,
varme timar limt
til funklande auge

og varmen i dyna
når ein til slutt måtte gje etter
og senke ein ferdigleika kropp
inn i sommardraumane –

mandag 23. juni 2014

Rydd veg




Høyrer du ropet
frå ytste utkanten
av tid og rom,
der æva startar?

Rydd veg
for lyset,
rydd veg
gjennom alle urskogar
gjennom kratt og urydda skog
over haugar og fjell,
frå der du står
og så langt du kan komme –

Rydd veg
- for lyset