mandag 24. mars 2014

Våren bryt fram



våren bryt fram
- eit teppe vert lyfta
openberrar det skjulte
det vakre




verda vil vakne
no høyrer vi lyden
den nye musikken
frå ei verd som spelar opp
- kom og dans!




menneska veks
som blomane spirar
og vatnet fell
frå ein nyvaska himmel –
alt det nye
som venta på dette
i vinter




våren bryt fram
og fargelegg verda
med kulør ein meister verdig
og lerretet står klart,
ventar å bli fylt
på ny!



(Our world tuesday)

søndag 23. mars 2014

Bak auga



det er det skjulte
det du ikkje ser
gøymt bak maskene
våre sirlege kontrollar
og sjekkpunkt
alt det vi reknar som skjold
mellom oss sjølve og verda –

det er det som er bak
baksida under
undersida
det skjulte
og det som er på vranga
når alt det synlege er borte
og natta har lukka sceneteppet
over einmannsshowet

det er
på det punktet den staden
den tida det rommet
der
bak auga
heilt inn til det skjulte
det er der du finn det ekte
det verkeleg autentiske
eg

men først må du rive fasadane
fjerne støyfilter og dekkmaling
rive av maskene
og våge å møte meg
med opne hender, naken, sårbar –

auga vil halde alt hemmeleg
så lenge du står i forsvarsstilling


(Måndagstema. Grafitti frå Stavanger)