lørdag 26. september 2015

Tal


1

tel stjernene sa han vi tel
sandkorn tel lukke tel pengar
seier dei og smiler dollarglis
utan substans tel fingrar tel tre
med greiner som viftar i tallause vindar
mot tallause stjerner og tallause
sandkorn under havet eg tel
hus tel bilar tel meg sjølv og deg
tel nåde tel sytti gongar sju tenkjer
det er det som verkeleg tel




2
det er ikkje anna enn eit tal
indikator for ei kjensle vi kjenner
som skal forandrast
til ei liste med val for dagen

det er ikkje anna enn eit tal
men seier meir enn klokkene
meir enn vegane vi skal gå meir
enn det stille suset gjennom trea

for om det ikkje er anna enn eit tal
er det like fullt ei vektskål
der graden av slitsame tankar aukar
omvendt proporsjonalt





3
grensene strekk seg
som elastiske membranar
tvers over landskapet

bøyer unna inntil smertepunktet
men så, etter det
som ei klam hand rundt samvitet
vårt siste moralske fyrtårn


fredag 25. september 2015

Noko kjem




noko kjem – noko krypande kaldt
kjem smygande langs ukjente veger
medan klokka går mot midnatt

eg kjenner kulda trengje gjennom huda,
byggjer sine skrøpelege stillas
over mine indre strukturar

let etter seg ein veg av øydemark
langs nervetrådane frå auga
og inn til dei inste avkrokane

så er det noko som kjem, noko vagt
og så stille at verda vert dempa
til ei kviskring – noko kjem, noko lurar…

ssssj… bak dette rullar dei grøne teppene,
alt som var ligg og ventar
for ein ny vår er på veg … noko kjem


onsdag 23. september 2015

Mellom djupnene i livet




mørke tonar frå rommet innanfor
rommet eg er i,
ein kvelving breier seg ut
over vegen eg går

på andre sida køyrer bilane
opp ned og galne vegar
og ringane breier seg
der eg sleppte hjartet i sjøen

slike dagar, slike netter
utan stødig grunn under beina –
slike tunge tankar å bere
på denne sida av tida

fredag 18. september 2015

Innvikla i deg




orda dine er eit nett,
fangar inn armar og bein
hår og hjarte,
surrar meg til noko
eg ikkje kjenner dimensjonane i –

let meg sakte men sikkert miste kontrollen
og miste taket
i livbøyer, ankerfeste, sikringstau og liner

falle
fritt
til nettet fangar meg inn
og held meg fast
over djupet