Viser innlegg med etiketten vaksen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vaksen. Vis alle innlegg
onsdag 16. januar 2019
fredag 19. januar 2018
Haldepunkt
lyset
er refleksjonen
av den du var – den gongen
like før bildet vart ramma inn,
sett på hylla –
kanskje skal du blåse støvet bort,
setje deg i vindauget
drøyme
det var nemleg slik du vandra,
oppdaga nye stiar oppå jordskorpa
var det eine, stødige haldepunktet
i tilværet –
den gongen
du var alt som skulle til
av den du var – den gongen
like før bildet vart ramma inn,
sett på hylla –
kanskje skal du blåse støvet bort,
setje deg i vindauget
drøyme
det var nemleg slik du vandra,
oppdaga nye stiar oppå jordskorpa
var det eine, stødige haldepunktet
i tilværet –
den gongen
du var alt som skulle til
fredag 17. oktober 2014
Vere grunnfjell
du skal vere
som grunnfjellet
under ein skog,
med god plass
til spinkle røter
i næringsrik jord
og vere stødig
som grunnfjell
om nokon må
setje seg ned,
kvile foten
før resten
av vegen
skal starte
Abonner på:
Innlegg (Atom)
