Viser innlegg med etiketten lovsong. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lovsong. Vis alle innlegg

onsdag 24. desember 2014

Det stig ein song





det stig ein song
i Marias hjarte
Halleluja!
ein himmelsong
med tonar bjarte
Halleluja!

det stig eit kor
med himmelsk lyd
Halleluja!
eit englekor
frå nord til syd
Halleluja!

der ligg eit barn
inni ein stall
Halleluja!
eit lite barn
med himmelsk kall
Halleluja!

i denne natt
vert verda ny
Halleluja!
velsigna natt
for land og by
Halleluja!

tirsdag 23. desember 2014

Stjernene kviskrar





eg opnar boka
ser bokstavane danne ord
og orda setningar
som strekk seg,
stig får papiret

vert eit stjerne som
flyt over sidene,
når fram til stallen
og ber meg stige inn

med ei stille kviskring
stjernestrålar mot øyra
ber meg knele,
gje barnet –

alt mitt gull,
det eg held for viktig
og kjært, det eg har samla
som skattar langs denne vegen
eg har gått;

all min myrra,
gje han kongenamn
og herredømme
over alt det eg før
kalla mitt;

all min røykelse,
bli verande her, og på kne
be mine bøner
til han
synge mine songar
for han
rope mine klagerop
til han
og tilbe han
resten av æva;

og stjerna stansar her
held fram si stille
konstante kviskring:
hald blikket, mann
hald blikket…