kjensla
av å stå i ro
på
bar mark,
snøen
lavar, mørket pressar
kulda
gjennom kleda
let
oss falle
inn
i noko vi ikkje kjenner,
noko
vi fryktar, noko som frys
siste
rest av håp til is
og
så, då
i
det auga gir etter
og
hjartet krasjar inn
i
verda
kjem
eit lysglimt
frå
ein annan røyndom,
verkelegare
enn alt
vi
kjenner frå før
som
brennande metall
mot
lenker og åk,
smeltar
vekk frykta,
let
håpet ut frå sitt fengsel
og
så, då
den
nye songen
fridomssongen
stig
– frå løyste strupar!
(Søndagstema i svart/kvitt og farge)




