søndag 15. november 2020

Eg er eit museum

ingenting av det eg kan kjem til nytte

her kor orda frys til is

og legg seg som murstein etter bombenedslaget

utover gata

 

ingen orkar flytte dei vekk, eller grave seg gjennom

så eg kan sjå lette sko og tunge støvlar

trakke seg veg over alt eg står for

og smila brenn store svarte hol

i bymuren

 

når gjekk eg av moten, undrar eg

når vart eg for gamal for meg sjølv

og forlet kalenderblada

i almanakken, når

vart eg ein del av den tause

verdensarvlista - verneverdig og koseleg

å besøke ein eller annan gong, ta bilde av

og reise frå, tilbake til den verkelege klokka

 

kor kryssa eg nullpunktet;

finst det nokon veg attende?

 

 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar