1
fjorden
ligg stille
taus
under
dei låge skyene
verda
held pusten
ventar
på stormen
som
aldri kjem
det
er tomme trugslar
som
bind oss
held
oss fast i redsla
og
slepp oss fri
let
oss oppleve gleda
i
det som aldri vert
2
det
er eg
som
held det heile saman,
vernar
mot varme
vernar
mot slag
det
er eg
som
lokkar deg nære,
inn
i kulda
inn
i gleda
det
er eg
som
vert forlaten, tømt
den
unyttige biten
den
plagsame resten
det
er eg
som
sit med minna
over
det som var
over
det eg gav
det
er eg
som
kom med gleda
no
er det tomt
no er det … berre eg
3
festplassen
er tom
der
det før sprang born
er
det no stille
der
du før høyrde latter
er
det no stille
der
dei dansa og lo
er
det ingen att
programmet
er følgt
til
enden, og lenger
no
er festplassen tom
alt
er stille, verda søv
(Fototriss. Bileta er tekne på Noregs nasjonaldag!)
Tomt x3 där första bilden får mig att längta till stillhet.
SvarSlettJa, det er eit fredeleg bilde, men eg kan love deg at det var alt anna enn fredeleg rundt meg då eg tok det! Eg gjekk midt i eitt av dei mange tusen 17.maitoga som marsjerte rundtom i Noreg i går... Bak meg marsjerte det eit korps, framfor meg gjekk barneskuleklassane og ropte sine hurrarop, og på sidan av meg gjekk dottera mi og blåste taktfast og kontinuerleg i eit leikehorn...
SvarSlettWhat a view! Great!
SvarSlettHave a nice Sunday!
Fina bilder och texter. Den översta bilden skulle jag göra en tavla av. :)
SvarSlettWonderful picture! I like your photos and words. Maybe you take a look to my blog?! Thanks!
SvarSlettGreetings from Germany
Helga
Atmospheric
SvarSlettGood post.
SvarSlettGreat shots and lovely words.
SvarSlettbeautiful gloomy scene.
SvarSlettBeautiful serenity.
SvarSlettGorgeous -- romantic! Love the ice cream. Lovely post.
SvarSlettBeautiful scene!! Boom, Bobbi, and Gary.
SvarSlett