ein
dag eg sat og teikna,
kosa
meg med former, fargar
begynte
teikningane plutseleg å snakke
og
det var ikkje nokon hyggeleg dialog;
berre
høyr, sa gul til dei andre,
viss
de alle var gule, ville arket sette finare ut!
og
alle sirklane trekte seg vekk,
dei
andre var ikkje gode nok, runde nok –
trekantane
skulte på firkantane, og mumla
…skulle
ynskje vi var som dei…
og
så var det dei raude firkantane
som
klaga over at eg teikna dei for små
og
dei blå
som
gjerne ville vere mindre
og
dei lilla parallellogramma
skulle
gjerne vore meir lilla
og
dei grøne ville gjerne vere rosa
og
dei rosa ville vere grå
kvadrata
lo av rektangla,
som
på si side pressa seg saman
og
prøvde å bli som dei
og
eg, den fortvila teiknaren
såg
alle formene og fargane eg hadde teikna
tørne
saman i ein kamp på eksistensnivå –
eg
hadde lyst til å krølle heile arket saman
og
kaste det langt vekk;
det
einaste som hindra meg
var
dei fredelege ovalane
som
strekte seg ut, la seg side ved side
og
danna ein regnboge
og
eg gav eit løfte, eg skal ikkje krølle dykk saman,
eg
skal heller bli ein firkant
og
komme og ordne opp
(sjølv
om eg anar at det ikkje vert så lett)

Lenge leve mangfoldet. Tenker jeg. Og aksepten av mangfoldet.
SvarSlettDu beskriv det SÅ godt!
SvarSlettDette rare livet..
Takk og fin dag :-)
Flott beskrivelse til det fine bilde. Slike skatter skal en ta vare på!
SvarSlettBildet mitt er ikke noe etterarbeide. Har kun zoomet inn med zommlinsa, - fra 24mm til 70mm. Laaang lukkertid er nødvendig. Du kan ikke knipse med "auto" innstilling!
Ok, det skal eg prøve! Knipsar sjeldan med auto, men har ikkje prøvd ut så mykje med zoom endå...
SvarSlettFargerik matematisk poesi
SvarSlettYes, fun and creative way to develop imagination by the beauty of the colors! Genial!
SvarSlettWhat a happy painting! It's fun to stare at it and have your imagination come up with all kinds of faces and scenes...
SvarSlett