eg
ser deg stå på trappa
audmjuk,
som går du
din
eigen overmann i møte –
medan
du, du går her frivillig
med
eit hjarte som er flekka, ok,
men
ikkje skadd, ikkje knust
under
vekta av børa
ei
bør du fekk å bere,
lagt
i hendene – av den andre
han
du no vil møte
-
mann til mann,
og
ikkje noko meir
korleis
klarar du sjå
den
andre sine auge
utan
at ditt eige hjarte styrtar
lik
eit brennande fly
i
avgrunnen?
korleis
klarar du smile
til
han som heldt deg vaken
natt
etter natt
med
sitt simple tjuveri
av
gleda, av di trygge hamn?
eg
ser ditt trygge ansikt
eg
høyrer ordet – tilgje,
og
eg veit at det som her veks fram
umogleg
kunne spire av seg sjølv –
Nesten umenneskleg på ein måte..
SvarSlettMen så viktig for å klare å gå vidare i livet tenkjer eg.
Takk at du igjen formidla det på ein god måte.
Og du, Gråstein er flott det.. og det er mest av det.
Akkurat slik som med kvardagar, viktig å sette pris på dei også.
Hørte å nyheter i går, og hadde noe samme tanker, virkelig sterkt!! Livet er ikke enkelt, det handler om å forsøke ville forstå :-)
SvarSlettNydelig nok en gang! Anneklem.
Sterkt dikt! Nyheter griper, og vi er vel ikke helt i stand til å fatte alle lidelsene bak et nyhetsbilde.
SvarSlett