Eg
kunne lese
lydsporet
i grantrea,
kor
naturen hadde herja,
eit
kort crescendo, frå sommar
til
haust
og
alle dei ville vindane
no
dempa
til
eit minimum
kvilande
i mellomrommet
mellom
haustens paukeslag
og
førvinterens kaldsure tonar
Ein
av dei dagane
eg kan klippe ut,
henge på veggen
og
sjå på med glede
i
ettertid;
det
var så stille
eg
kunne høyre
mine
eigne tankar
Så vakkert! Både ord og bilder :)
SvarSlett