torsdag 28. desember 2017

Garanti



du er ute etter ei sikring
ein garanti

at ting vil vare
at tida vil behandle deg godt
at ungdomstida
kan vare evig

det einaste du får
er ei stille kviskring frå månen
ei mumling frå dei eldgamle fjella
og det dei seier
er noko anna enn det du vil høyre



onsdag 27. desember 2017

Det opne som held



det er det hemmelege
alle kjenner til
at bak den fjerne horisonten
veks det fram noko stort
og ukjent – noko skummelt
ingen vil kunne takle aleine

og så er det det opne
som få vil sjå
at framom den fjerne horisonten
finst det ei berging
og utfriing – noko som held
gjennom ukjent terreng


tirsdag 26. desember 2017

Rommet mellom



ein avstand så lang
som tusen lysår
før mellomrommet
så vidt begynner

ei æve i forskjell
mellom meg og Deg;

stjerna på himmelen
viste veg til ei bru,
solid for skjelvande føter
stødig for svimlande hjarte
trygg for oss redde små

og rommet mellom
vart mindre og mindre
krympa
under vekta av blikket ditt
og handa
du strekte mot meg