søndag 22. desember 2013
Gifts
Etiketter:
english,
gåver,
haiku,
haiku heights,
kjærleik
Montasje
molekyltåke,
atom på atom
i
ordna rekkjer, pusla saman
stabla
og montert
eitt
her, eitt til, eitt der
montere,
montere, montere
montere
til
alle saman er riktig plassert
i
puslespelet,
til
alle har funne sin plass
i
spelet, maskineriet
fiks
ferdig montert
ei
celle
eit
knips
og
den startar si rørsle,
programmert,
stilsikker, klikk, klikk, klikk
ikkje
noko klikkar
ikkje
noko fuskar
montasjen
er perfekt
perfekt!
DNA,
RNA, ribosom, cytoplasma, membran
og
meir, meir, meir
lenger
inn
koden,
montert
ferdig
montert
koden
som fortel – alt!
slik
vert barnet, 23 + 23
frå
mor
og
dei siste, Y og resten
montert,
ikkje som ein straum,
men
ved eit skapingsord
Bli
kode!
Og
det vart kode
og
eit barn, inkarnert
ferdig
montert
byrjar
vekse, byrjar si ferd
mot
verda, gjennom sine eigne konstruksjonar
og
alt ligg til rette, alt er der
veks
– eit resultat av perfekt montasje
og
montasjen vart menneske
fekk
si form etter sin eigenart
og
tok bustad mellom oss
lørdag 21. desember 2013
Stilleben
Kvinna
søv på eselryggen
Mannen
står stødig, midt i steget
Held
beiselet i sine grove hender,
merka
av slit, av støv, av feilslag
Rundt
dei er det kveld,
endå
er ikkje månen full
og
mørkret omsluttar dei tre på vegen,
hyllar
dei inn i sitt tause teppe
Bakken
er varm, sanden er mjuk
Så
mange føter har traska her før
Så
mange menneske på vegen,
uvitande
om kven dei passerer i hast
Trea
i bakgrunnen er stille
Ikkje
eit vindpust kan merkast,
ikkje
eit einaste drag av sjøluft eller ørkenvind
når
fram til dei tankefulle tre
Bildet er idyllisk, det oser av omsorg
og
fred, men innunder huda finst stormen
Den
rasar sin veg gjennom mannen sitt sinn
og
bølgjer som opprørt hav
Så
mange tankar, så mange omsyn!
Eit
liv som plutseleg snur
Tenk
om… ein tanke, men vender seg bort
Ser
på kvinna, og smiler med auga
Tre
dagar att – til Betlehem,
Eit
esel, ei kvinne, ein mann
Og
eit barn, endå sovande, ventar;
Det
handlar om han, berre han
fredag 20. desember 2013
Anti-krig
eg er ein
anti-krigs
romantiker,
eg har mange
romantiske tankar
om det å ikkje dø
i krig –
men eg likar
paintball!
og tenkjer – tenk
om…
alle krigar blei
førte med
malingskuler
- bang! du er treft
og får ein
malingsflekk på jakka;
du kan reise heim
til kone
barn og åker,
så ditt korn og
drikke din vin
sistemann utan
flekk på jakka
er den som kan
lyfte hendene
og jublande innkassere…
kva det no enn
var
dei kriga for –
Ein stad i tida
kvifor
Betlehem, av alle byar
eit
lite krypinn, ei klynge med hus –
vi
har då så mange av dei!
kva
med Loen, eller Utvik,
Ulvik, eller Bokn?
kunne
ikkje desse vore like bra?
ein
liten stad, ein gong i tida –
og
du visste nok kva du gjorde
for
her sit eg og veit – eg kjenner historia
det
er ikkje sikkert vi hadde fått vite
slike
detaljar frå ein stall
mellom
høge fjell og djupe fjordar på vestlandet…
Abonner på:
Innlegg (Atom)


