Viser innlegg med etiketten gåver. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gåver. Vis alle innlegg
søndag 22. desember 2013
Gifts
Etiketter:
english,
gåver,
haiku,
haiku heights,
kjærleik
mandag 2. september 2013
Nedbrytingstid
Hausten er nedbrytingstid
- Det våren bygde opp,
vert no dekonstruert;
Det prangande flotte vert knekt,
det knekte vert knust,
det knuste forsvinn
for alltid
Under torv, under bark, skjult
under lag med rotnande vev
kveilar soppen sine lange armar
og riv og slit, et og smuldrar opp
dei stive reisverka til sommarskogen
Med finslipt presisjon, ein innpoda
trong
til å knuse og øyde
leggje skogen ned – pulverisere
dei høge og stolte tankar,
jobbar soppen sin veg gjennom året –
Så, utan forklaring, utan ord,
dukkar det opp – som ei gåve
(kanskje av dårleg samvit?)
frå knusaren:
Mat, spreidd over skogbotn;
saftige, frodige rettar,
noko handfast og nytt, skapt av det
gamle
og servert i det stille –
Eit måltid på døden si rekning(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Naturens gaver)
Abonner på:
Innlegg (Atom)