eg er ein
anti-krigs
romantiker,
eg har mange
romantiske tankar
om det å ikkje dø
i krig –
men eg likar
paintball!
og tenkjer – tenk
om…
alle krigar blei
førte med
malingskuler
- bang! du er treft
og får ein
malingsflekk på jakka;
du kan reise heim
til kone
barn og åker,
så ditt korn og
drikke din vin
sistemann utan
flekk på jakka
er den som kan
lyfte hendene
og jublande innkassere…
kva det no enn
var
dei kriga for –