lørdag 12. mai 2018

Omriss av eit liv



glittervengjene slår i vinden
du er ein fugl på veg
over havet

silhuetten viser retninga på ferda
omrisset viser kor du er –

men bak dette vakre ytre
er det vel ingen som veit
kva gøymer seg
- i den store einsemda
på eige hav,
er vi alle i kvar vår båt

mandag 7. mai 2018

Prærie



dei aude slettene
der orda ikkje finn feste,
prærien strekk seg ut
            mellom alt vi ikkje får sagt

alle uutforska område,
våre kvite felt på relasjonskartet

så vi set oss ned, auge mot auge
legg ein reiseplan
steg for steg utover
for å utforske terrenget –