dei
rolege haustdagane
på
veg opp eit raudnande fjell
gjennom
ein skog
langs
gjengrodde skogsvegar
til
eit tjern med vassliljer i
dagane
svingar seg
som
rolege havvindar
oppover
bjørkestammene
nedover
bekkefaret
over
ei eng med brune strå
stryk
ei mjuk hand over huda
legg
sitt kjølande kinn mot ditt
kviskrar
sitt ømme farvel
til
sommaren som var

