fredag 13. oktober 2017

Ikkje A4



vi er begge gjestar i verda
kongen og eg
med bankande hjarte
draumar og håp
utolmod i møte med flokar

likevel er det vel ein skilnad
på oss som køyrer A4
og dei som ikkje

oss som aldri tippar i lotto,
fordi vi er nøgde med kvardagsstrevet
og dei
som kvar dag må sjå seg sjølv spegla
i kamera og tabloidaviser –

inst inne er vi jamvel like
kongen og eg;
vi er begge gjestar i verda



mandag 9. oktober 2017

Under taka



kor mange tankar
har vel ikkje blitt tenkt
under desse taka

ja, tenk på tankane
og alle orda som er ytra
alle kyss som er blitt delte
og tida
ikkje minst tida som er delt
i fellesskap
eller er blitt tilbakelagt
sekund for sekund
i einsemd

det finst vel ingen tal
på alle gleder og sorger
som har stege opp som bøner
eller retningslause rop
gjennom desse taka,
alle draumane
som har snirkla seg ut av æva
og inn i tusen ulike hovud
på tusen ulike måtar

men frå utsida viser ingenting av dette,
sett utanfrå kan ein tru
             det heile dreiar seg om betongkonstruksjonar


fredag 6. oktober 2017

Spor i asfalt



navigasjonsmerke
spor i det synlege landskapet
etter menneske

her har vi gått
her går vi no
som levande bevis
på eit mirakel

at dei umoglege atoma
kan samlast, rørast
byggast opp
til noko – nokon
som tenkjer dette
er min sko
her set eg mine usynlege spor
i asfalt