torsdag 9. januar 2014

Bytur i eit retrospektivt maxidikt m/iaugefallande illustrasjonsbilete



I dag har eg vore på bytur,
fleire timar i bil
med høg musikk og,
i starten,
godt humør og klare mål

Så nærmar eg meg Haugesund
og syng det eg er god for, medan
eg passar farten
og uforvarande kastar eit blikk
til venstre
ut på ein spegelblank fjord,
ein himmel med spennande fargar
og ei litt dimma sol
som gav eit perfekt lys over vatnet

og eg tenkte
Så vakkert!
NEI! Eg tenkte ikkje det,
eg tenkte:
Kvifor i all verda tok eg ikkje med
fotoapparatet mitt?


Vel, tida var knapp, møtet skulle
snart begynne
og det var ikkje noko poeng i å grine
over spilte megapixlar –

i alle fall ikkje før
returen
med all verdas tid på handa
og eit ettermiddagslys
som var ikkje mindre enn spektakulært
og ikkje eit vindpust var å sjå –

irritasjonen vaks
for kvart vakre naturmotiv
eg måtte passere – ufotografert,
og humøret sank
for kvar lysstråle over fjorden

Heilt til eg kom på…
Dette kan eg jo skrive dikt om!
Ikkje om fjorden, den har eg skrive om før,
men om det å gløyme fotoapparatet
og miste sitt gode humør (og fornuft?)
på grunn av det

Så begynte den harde parten,
den som tok tida mi,
frå Knapphus og tilbake
mot ferja: Den introverte refleksjonen
som måtte komme
då det gjekk opp for meg
kor tåpeleg det er
å la manglande fotografering skygge
for ei oppleving av vakker natur

Hadde vikingane fotoapparat?
Nei
Vart dei sure av å sjå ein vakker vinterdag,
tru?
Tvilar på det


Tok eg sjølvkritikk?
Neida, eg tenkte:
Det kan eg jo skrive dikt om,
kor tåpeleg det er å skulle skrive dikt
om det å vere sur
på grunn av manglande fotografering –

og då var eg komen inn i ein vond sirkel,
for neste tanke kom av seg sjølv,
at eg bør nesten skrive eit dikt
om kor tåpeleg det er å skrive dikt
om det å kjenne seg tåpeleg
fordi ein vil skrive dikt om det å vere sur
på grunn av manglande fotografering –

og etter det surra eg meg inn
i funderingar som tok alt fokuset
frå heile den vakre naturen,
og eg gløymte heile fotograferinga
og vart nesten i godt humør att,
før eg kom til Ølmedal
og tåka seig inn over fjorden…
(Eg elskar å fotografere i tåke;
alle dei gratis effektane
frå naturen si side!)
og mi nyvunne gløymsle fordufta

filosofien og melankolien
og kanskje ein smule
sjølvmedkjensle
tok overhand att –

men då eg kom fram til ferjekaia,
var alle tankar om både dikt
og fotografering
og tåpelege handlingar borte, for alltid
Tenk så meiningslaus bruk av tid!


(Siste avsnitt var rein løgn,
men det forstod du sikkert,
sidan du har orka å lese heilt hit)

Nei, hjelpe meg
i morgon
skal eg kontakte Anonyme Diktarar
og håpe
dei kan hjelpe meg ut av dette

PS! Sjølvsagt
kunne eg  kontakte
Anonyme Fotografar i staden,
men eg trur dei vil vise
litt FOR stor sympati
med mine problem

PPS! Illustrasjonsbileta har
for så vidt
ikkje så mykje å gjere med teksten,
men alle tolkingar
er velkomne

PPPS! Alt over her
skreiv eg på ferja –
Etterpå,
medan eg køyrde siste biten heim,
skifta himmelen farge til raud;
ein perfekt kveldshimmel,
og langs vegen køyrde eg forbi
ein bil, parkert i vegkanten,
og kva gjorde sjåføren?
Han fotograferte himmelen over fjorden…

Akkurat då følte eg
at Gud gjorde narr av meg

og at det var heilt fortent

PPPPS! Då eg kom heim
fann eg eit fotoapparat…
under jakka… i baksetet i bilen…
(Nei, det var også løgn,
men tenk så perfekt det hadde vore
for dette diktet!)

PPPPPS! Lærdom:
ta
alltid
med
fotoapparat


PPPPPPS! Viss du har lest heilt hit,
er eg for det første imponert,
og for det andre syns eg nesten meir synd
på deg
enn på meg sjølv –
Har du ikkje noko betre
å bruke tida di på?

Ut




Somme dagar
er rommet for lite,
lufta eg pustar
er klebrig og grå
Uansett kor eg snur meg
er veggar
og alt eg kan tenkje er
ut, for…

Ute på gata
fell verda på plass,
eg kan puste inn
fridomen, kjenne meg fri,
men…

Somme dagar
er gata for lita,
lufta eg pustar
er kvelande tom
Eg snur meg og snur meg
og søkjer eit kryss
eg kan velje, og komme meg
ut, for…

Ute i verda
fell livet på plass,
eg kan puste inn
fridomen, kjenne meg fri,
men...

Somme dagar
er verda for lita,
lufta eg pustar
er ingenting – svart
Og eg stiller inn hjartet,
søkjer ei hamn
eg kan leggje meg inntil og kvile meg
ut, for…

Oppi Guds hender
fell livet på plass,
eg kan puste inn
fridomen, kjenne meg fri

onsdag 8. januar 2014

White as snow




snowflakes are falling
lightly in the wind
softly on my porch, softly on my house
softly – on my world
covering it all
in drapes of white, covering
all the dizzy autumn thoughts
and fears – they’re all gone,
drifted away,
only the white resists
to flee the ground,
in spite of my bad actions
– only the white got the power
to make it all good,
to comprehend the light – and send it 
through the very core of me