Viser innlegg med etiketten krav. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten krav. Vis alle innlegg

fredag 18. januar 2013

På stram line






Eg, ein balansekunstnar
på stram line
forsiktig nølande, redd
over dei brølande vassmengdene
dampskyer som strekk seg etter meg
ynskjer å dra meg ned, under

Bak meg: Enden av lina
festa i slektstreet
med min eigen fødselsknute
stramt rundt stammen
Greiner som viftar, heiar
meg fram
seier slik ja slik ja litt lenger gå på!
Mitt svar
er endå eit steg fram

Framfor meg: Enden av lina
festa i Himmeltreet
med dødsknuten, svart og stram
Dit skal eg, det veit eg
men når? Veit ikkje,
det er vanskeleg å sjå
gjennom røyken frå fossen
under meg,
som ropar:
Fleire pengar! Større hus!
Betre vener! Meir lukke!
Flottare, høgare, sterkare,
meir populær!

Og lina, kva er den?
Er det ikkje sjølve livet eg går,
ustøtt, smalt og skummelt,
men sterkt og tålmodig
og mogleg
så lenge eg held auga løfta
mot målet der framme

Eg, ein balansekunstnar
over avgrunnane i livet

torsdag 13. desember 2012

Krav



Så mange krav for å nå opp
Så mange ord ein må forsere
Høgare, høgare!
Betre, betre!

Ropa kjem frå alle kantar,
lyfter meg fram,
seier: Dette er vegen
du må gå, vesle venn!

Ja, men kva då
om min veg er ein annan,
kva om eg må finne min eigen veg
gjennom villnisset?

Det gløymer de visst ofte

Er det rart at eg då
må trampe i golvet,
rope og protestere,
kjempe for mi eiga sak?

Det er fine ord de har
og eg vil nok nå dei (vil det óg)
Men gje meg godt med tid
og kjærleg hjelp, er de snill

og tålmod, ja, store, enorme mengder
tålmod