Viser innlegg med etiketten N. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten N. Vis alle innlegg

søndag 23. mars 2014

Saman




vi er saman, vi
er alltid der, alltid nær
hjarta, hendene
håpa som skin som draumeslott
våre soria moria i det fjerne

og vi strekkjer oss, vi
alltid vi, saman
mot dei fjerne kystane
legg ekstra kraft på årene
når vi ser på kvarandre


saman i toreveret, saman
når båten stampar i motvind
eller når segla heng daude
og soria moria sluttar å skine
blikka er grå, blikka er tause

saman når det røyner på, vi
strekk lenkene over ambolten
slår, høyrer klangen mellom fjella, slår
til lenkene brest,
saman haugar vi dei opp, smiler

saman under åket, saman i fridomen
saman i båten, langs vegen, over fjellet
langs fjorden, under uendelege bruer
er vi saman – noko bind, noko held oss
oppe, noko usynleg


vi er saman, vi
er alltid her, alltid i
hjarta, hendene i kvarandre
lyfta og peika mot våre draumeslott
våre soria moria –

og forbi, heilt heim
 


(Fototriss)

fredag 14. februar 2014

Noko spesielt


Det er noko spesielt
med augene dine,
måten dei ser på
meg på,
korleis dei ser gjennom
det ytre
og heilt inn til hjartet
og ser
kva som bur der
og likevel
tek du ikkje augene vekk,
men let varmen din strøyme
frå augene
til mine auge
og heilt inn til hjartet

Det er noko spesielt
med orda dine,
måten dei avslører
sanninga på
på kornet, treff blink
nesten kvar gong
og likevel
let du dei fortsetje og strøyme
som varme armar
frå munnen din
til øyra mine
og omfamnar meg fullstendig

Det er noko spesielt
med deg,
måten du er på
utan å anstrenge deg
eller gjere deg til,
du er berre deg
slik du er
og eg lengtar tilbake
til deg
kvar gong eg er over ti meter vekke
og eg ynskjer aldri å gå
når eg er nærare
og du...

du smiler til meg
og eg veit
du ynskjer å vere her
akkurat her
hos meg også
og det seier meg:

Det er noko spesielt
med deg!