Viser innlegg med etiketten 9. april. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 9. april. Vis alle innlegg

torsdag 9. april 2015

To


så ulik utsikt
ein stille morgon
for desse auga -

ein som sit på svaberget
i sitt frie land,
ser ut over holmar og skjær

ein som står fremst i baugen
på eit krigsskip,
plogande gjennom framand vatn;

så kan det hende dei ser kvarandre,
desse to
med kvar sine perspektiv -

ein som snart skal miste
ein som snart skal ta

og mellom dei begge
går bølgjene på fjorden,
som gjennom tusenåra før