Himmelen regnar mot fjella
himmelen regnar mot fjella
ei elv av tårer
for alt som har skjedd
ei elv av tårer
for alt det gode som aldri vart gjort
ei elv av tårer
for alt som burde ha vore -
himmelen regnar mot fjella
eit lys som strøymer
over alt som er godt i verda
eit lys som strøymer
over alt det vonde som aldri vart gjort
eit lys som strøymer
over alt som vart som det skulle
himmelen regnar mot fjella
Nydeleg !
SvarSlettTakk for besøk i bloggen min, du har fallt ut av blogglista mi så
eg har ikkje sett innlegg hos deg på lenge lenge.
No håpe eg å få fylgje med :)