det
er vi som er fakirane
vi
som går med såre føter
på
frostnålene, snøspyda,
dei
dansande ninjakrystallane
på
stovevindauga
det
er vi som er peparkakemennene,
dei
skjøraste av dei skjøre
og
ein frostdag som denne
kan
smuldre opp alt
vi
kallar vanleg kvardag
Skønne ord og billede.
SvarSlettJeg elsker simpelthen fjeldene. Og du tager så gode billeder af dem.
Du har ændret dine ord, synes jeg. Det er fint, også det.
Klem fra Laila