Tida bit
tida bit
set sine spor
i naken hud
høvla tre
i graset som bøyer seg i vinden
somme tider
gjer lite av seg
stryk over engene
som milde vindar
andre raser som stormar
let etter seg merke
som av rovdyrtenner
i herja natur
det er ikkje noko å gjere -
tida bit
vi tek imot
og ber
at det er dei gode tidene
som festar grepet
denne gongen
(Weekend in black and white)
Flott innlegg, både bilde og dikt!
SvarSlettTakk for vakkert dikt i dag!
SvarSlettNice image - I am starting to use black and white a lot more.
SvarSlettCheers - Stewart M - Melbourne
Å! Du får sagt det..
SvarSlettJa, visst BIT den , tida..
God 2.Pinsedag!!
Beautiful shot.
SvarSlettBeautiful in decay. Fine photo.
SvarSlettTida bit ja. Flott dikt til et flott bilde. Alt passa så godt! :)
SvarSlettFine photo. I like composition
SvarSlett