1
dagen
kjem
nytt
lys
lyser
opp stien
for
dine føter
så
nære å snuble
så
trøytte etter natta
så
lengtande
etter
noko
som
viser vegen
2
vi
treng merkesteinar
vardar
i terrenget
punkt
i livet
som
fortel kor vegen går
kor
vegen vil gjere ein sving
og
om toppane
eller
nye bratte fjellheng
er
i vente
vi
treng noko
å
feste blikket på
så
kursen er stødig
og
vi
treng ein kurs –
3
somme
tider
kan
vi finne lyset
spegla
i våre eigne hjarte
somme
tider
er
det som noko trengjer gjennom
landskapet,
som ei å
fyller
oss med lys
let
gleda strøyme til overflata
og
skaper heilt nytt liv –
så
kan vi vite om grumset på botnen
så
kan vi vite om smuldrande veggar
så
kan vite om mørkret og tåka
like
fullt
somme
tider
kan vi finne lyset – akkurat her
4
eg
lengtar
etter
det eg har
eg
søker
staden
eg står
eg
håpar
og håpar og håpar og -
eg
gret
over
det eg ikkje har mist
eg
trur
endå
eg trur at eg veit
at
det som eg trur
er
det som eg veit
5
og
så kjem natta
ei
varm omfamning
klemmer
din skjelvande kropp
med
sin fred
og
stille
du
kan sove
vere
trygg
i
Fars
omsorgsfulle
armar
Vemodigt vackert. I Like!
SvarSlettSukk, det er vakkert.
SvarSlettHa en deilig dag.
Mormor
http://www.starbear.no/mormor/2014/06/05/skjaereunger-er-kostelige/
tak:) du giver så meget håb ud af din tekst!! og lyset i dine billeder.
SvarSlettdet betyder meget for mig.
du skriver fantastisk - og på to sprog, uden i det hele taget, at det mister noget. det bliver bare bedre - på begge sprog!!
- alt det bedste til dig -
laila
Så vackert, både i text och bild, här kan jag stanna ett tag och bara känna in och andas!
SvarSlettA wonderful landscape and sky! And such lovely reflections! I like the poems too!
SvarSlettVackert, både bild och text!
SvarSlettBeautiful! Love the words as well as the images. MB
SvarSlettOh so nice!
SvarSlett