Ein gong stod eg ved breidda
av noko stort
Alt låg ope framfor meg,
det ukjente lokka
og skremde;
eg lengta og frykta
og speida til auga vart våte
og beina fraus fast til bakken
Fuglane flaug forbi
over hovudet
og over den blanke flata
der vindane lokka og dytta og drog
utover, utover, utover
kom utover
ei stille kviskring, ei stemme
varm mot øyra, varm mot hjartet
og eg gjekk
Spennande refleksjon..
SvarSlettEg ynskjer å lese to av dikta dine i kveld..
Landingsplass og Eg ynskjer å vere.
Gir sjølvsagt opp kilde. (englepappa.blogspot.no)
Det er i samband med ein avskjedsfest på jobb.
Vonar det er ok? Du kan svare her :-)
Det er heilt ok!
SvarSlettTakk! Og no er oppdrag utført ;-)
SvarSlettBerre kjekt at dikta mine vert brukte til noko!
SvarSlettNydelige ord igjen. Jeg leser det du skriver, englepappa, selv om jeg ikke alltid kommenterer.... Bare så du vet det...
SvarSlett