såret
kan gro
såret
kan lukke seg
over
alt det vonde,
kle
inne alt som stakk
som
sverd i sjela
dekke
over smerta
som
endå er der,
den
som duppar like under overflata
og
berre somme tider dukkar opp
såret
kan lukkast att,
huda
lækjast – bli heil
og
glatt
på
ein ny måte, ein annleis måte
enn
før
og
arret står att som ein bauta,
eit
merke over dagar du har levd
sorg
du har møtt
gått
gjennom, integrert
som
ein ny, herda og bestandig del
av
deg sjølv
tida
går, sår kan gro
og
minna falmar som i tåke,
men
noko
noko
ligg
att, vil – alltid – liggje att
like under huda
