fredag 29. april 2016
Vengene
det var du som lærte meg å fly, du som sette på vengene og viste meg, ein demonstrasjon gjennom timar, dagar, veker, år - saman - kvart sekund var ein gullmynt i handa - og me gjekk saman over marka, kjende vindane samle seg under dei høge fjella, klare til å løfte, bere oss framover oppover over dei regntunge dagane og vidare inn i nye og ukjente terreng - og eg såg det med eigne auge, kjende det på min eigen kropp, måtte vere i vinden, vere i regnet, vere i det grå og i det lyse, vere i det heile med heile meg; der var ingen stuntmenn, ingen vågale fuglar, velkjente med livet og krafta i naturen, ingen som kunne gjere det for meg; men du var der, heile vegen, og i dei hardaste kasta var det du som heldt vengene mine ute
så no kan eg fly med eigne venger, og tida, dette bølgjande monsteret med sylskarpe tenner og sin eigenrådige vilje til å sluke, bryte ned, dra meg mot bakken og vidare ned, berre kampen mot denne tida vil vise
om vengene
du gav meg
vil halde -
søndag 24. april 2016
Kva er det med livet
kva
er det med livet,
at
det kan vendast
og
vridast
og
verte snudd heilt om
på
så korte augeblikk
at
kven som helst
kan dette av
og
likevel kan ein klamre seg fast
som
gjaldt det nettopp
livet
og
presse seg gjennom, tvinge seg opp
og
tvinge alt det svarte i kne
fordi
ein vil
fordi
ein må
fordi
ein ikkje har noko anna val
enn
å kjempe imot;
og
så oppleve underet på ny,
at
ein ny soloppgang fargar verda
og
knoppane sprett
i
vindstilla etter vinterkulda
og
gleda siv opp frå frosne marka
der
tæla må sleppe taket –
og
det snudde vert vridd på plass
om enn i nye stillingar
og
det tapte vert funne
om enn i nye former
og
det du lengta etter finn stad,
endå
du ikkje visste
at
det var dette, akkurat slik, akkurat no
det
heile leia fram til –
kva
er det med livet,
at
berre ein held fast lenge nok
vil
lysglimta sive gjennom
og
gode vindar blåse
og
regntåka sleppe taket
lenge
nok (og kanskje meir)
at
ein finn det verdt
å
vere i det?
fredag 15. april 2016
Ei verd på vranga
1
heilt
opp hit
på
grunnene i livet
hamner
kjenslene
av
ei verd i stadig endring;
at
alle ting flyt – alt
utan
grunnen under kjølen
som
no står fast
som
diamant
2
verda
er ei anna;
då
eg vakna
hadde
sola bleikna
og
stjernene gjekk i krins
om
ein liten satellitt
eg
trødde ut på vatnet
som
i går kunne romme alt
eg
ikkje ville sjå,
no
vart det heile tømd tilbake
i
ein kaotisk straum
-
frå gløymsla og inn i hjartet
3
dette
er verda mi,
det
er her eg held balansen
mellom
avgrunnar og meiningsløysa;
går
mitt tilmålte strekk
som
i ein dis –
berre
under det heile, (eller bakanfor)
(utsikta
frå auga)
ser
eg faste punkt
noko
stødig
å
navigere etter
Abonner på:
Innlegg (Atom)