onsdag 6. april 2016

I det skapte




naturen som lenar seg
oppover, mot noko større
i stille venting;
her vaks det ingenting
av seg sjølv,
her flaut kjeldene fram
først etter at orda var talte

eit landskap
skjelvande i undring
over korleis alt vart – 

i dette ser eg refleksjonen
av det hjartet lengtar etter;
ein storm midt i stilla
eit mørker
som må gje tapt
for det skapande Ordet


søndag 3. april 2016

Vårscena



1
scenearbeidaren festar grepet
om taua,
snart går signalet, og
sceneteppet
kan heisast
for den nye våren




2
så mykje som endå flyt
etter hundreår på hundreår
i skotsona;
endå finst det flak med liv
der kampesteinar ikkje
har falt
frå dei ilske fjella




3
tredje akt:
der fjella nesten umerkeleg
glir frå kvarandre,
let etter seg
eit gapande tomrom
på scena

i dette tomrommet
er det plass
til det meste,
heilt ut til fantasien
sine yttergrenser –



4
publikum har sett seg
i andelaus spenning;
her er doble botnar
her er usagte ord
flytande i lufta –

ventar på brotet,
ei vassflate som bryt
og det store, det skjulte
skal komme til syne
som ved eit mirakel

publikum held pusten
i sine eigne hender,
men veit det ikkje




5
siste scene,
musikken endar, men siste
tone vert hengande
som ei nesten uhøyrleg dirring
bakom tre lag glas

publikum murrar,
det var ikkje dette
dei trudde dei ville få sjå – våren
berre ei overskrift
og resten av arket: tomt –

-

så var det heile eit skodespel;
publikum reiser seg
forlet lokalet
går ut i den glasklare kvelden
trekk pusten djupt
kjenner våren komme siglande
på mjuke vengjer –