eg tenkjer på samanhengen
mellom forma på orda eg seier
og det volumet med luft dei fyller
i det eg let dei forlate munnen
truleg vil et ord som ingenting
ta meir plass i verda
enn om eg let ordet alt
smette lett forbi leppene
ei spissmus vert større enn ein sau
og ein snøleopard
vert mykje større enn ein kval
og om eg ytrar ordet sol
vil det fylle ein brøkdel av plassen
til ordet molekylærbinding
alt dette er vel og bra,
men det verkeleg ironiske vil inntreffe
den dagen eg seier eg elskar deg
og finn at luftvolumet knapt kan skimtast
samtidig som tanken på deg
er større enn sjølve universet