1
det
vi legg bak oss
som
miner, ei spikermatte
for
tankane;
du
kan ikkje lenger nå det,
berre
stirre med store auge
på
alle vala du ein gong tok
og kor dei har ført deg –
2
her
er vi no
midt
mellom to ytterpunkt,
ein
stad på den store brua
mellom
det som har vore
og
det vi ventar –
den
store pendelen
sveipar
sine slag
over
brua,
dyttar
oss eit lite steg vidare
kvar
gong den susar forbi
3
der
ute ligg det,
vårt
fata morgana
frå
urolege netter
under
uendelege stjernevrimlar
der,
ute i det ukjente
ventar
draumane, syna
som
hildringar
like
utanfor synsranda
og
det som møter oss
er
alltid ulikt våre tankar,
er
alltid eit anna eventyrland
enn
det vi venta
like
fullt er det vårt,
nett
som draumen du bar i går
er
den du vandrar i no
og må gripe – til fulle – akkurat der du er(Fototriss)