Viser innlegg med etiketten ny. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ny. Vis alle innlegg
mandag 11. januar 2016
Nye auge
tenk å ha desse nye auga
som aldri før har sett
ei boble fanga i isen
eller sett gjennom spegelblank is
det vaiande sjøgraset under
tenk å kunne sjå alt dette
med nye auge, ope sinn,
sanse verda frå ein ukjent vinkel
og bli dradd inn i mysteriet,
det uforklarlege skaparverket
der luftboblene vert eventyrfigurar
og det som dukkar opp under isen
er framande verder
og alt dette kan ein le av og fryde seg over
medan dei nye auga vert éin dag klokare
Abonner på:
Innlegg (Atom)