Eg har kjempa i hundre tusen krigar
Hundre tusen tapte slag
For menneska
For håpet og gleda og kjærleiken
For land og folk
Og kongar som no ligg i grava
Eg har kjempa med nebb og klør
Eg har kjempa med kanonar og kniv
Eg har kjempa med rakettar og bomber
Eg har kjempa
Eg har kjempa med ord og hat
Eg har … kjempa
Gjennom hundre tusen år har du sett
meg
Med blod på kleda
Sundskotne bein
Og utskoren tunge, svartsvidd hår
Hender som ikkje lenger kan … sjå
Eit ansikt utan lys
I hundre tusen krigar har eg kjempa
Hundre tusen tapte slag – kvart
einaste eitt
har vi tapt, alle saman;
Eg har aldri møtt nokon sigerherre –
berre knuste draumar
som støv under blanksmurte støvlar