Somme
dagar
har
ein farge av lukke,
ein
eim av ro og fred
tider
som ikkje vil komme
ikkje
vil gå
somme
dagar
berre
er eg her,
skvalpar
i sjøen
med
blikket mot ein horisont
som
verkar klarare enn nokon gong
og
trass i vissa
om
stormar som kjem
villande
tåke
og
trugande sjøar,
kan
eg kvile her
kan
eg lytte til stilla
utan
angst