Viser innlegg med etiketten dokke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dokke. Vis alle innlegg

lørdag 15. juni 2013

Mista og ... håpefull



Bak ein steingard,
mellom blåbærlyng og høge strå
Ryggen lent mot den mjuke mosen
og smilet – som vanleg
påklistra, stivna i eit lukkeleg sekund
Der sit ho, dokka, og ventar
medan klokka tikkar sakte mot kvelden
og stega som passerar
på andre sida
vert færre og færre

Snart er det natt
Kaldt
Mørkt
Og einsamt

Smilet er fortsatt stivt,
men tårene renn
på innsida –

Då, med eitt, kan ho høyre den kjente stemma
Nokon ropar, nokon spring, nokon leitar
- Eg er her!
Vil ho seie, men ingen lydar kjem ut

Det er berre håpet att;
At nokon, den kjærlege stemma,
skal komme denne vegen
Strekke ut ei hand
- ho kan sjå det for seg
Og gripe, halde fast, aldri sleppe

Håpe

Tru

At ting vil ordne seg, snart
Denne vegen! Kom denne vegen!
Eg er like trist som du – kom finn meg

Så skal eg finne deg