tirsdag 19. november 2019

Ut der det er luft

me måtte slå opp dørene,
knuse vindauga
leggje ned dei fleste veggane -

det var ikkje råd å puste

så me opna opp alt me kunne
og stupte inn i det usynlege       ut
der vengene kunne falde seg ut

...

i flukt frå dette
fann me tilbake til det som batt oss saman

let hjarta falle inn i den andre sin takt
på ny

...

bygde oss opp ein gong til,
let heime vere akkurat her
kor me heldt kvarandre i taumar
av fridom


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar