fredag 21. november 2014

Indre fjellras


det er høge fjell
og spisse tindar,
men regnet finn sine vegar
sjølv der auga
ikkje kan sjå -

så kan vi sitje her 
og vente,
sjå om verda kollapsar
eller held
ein dag til

og tenke tunge tankar
medan auga
er limte fast til steinar
som kanskje eller ikkje
dett ned

eller er det slik
trur vi
at dei vert haldne
på plass
av blikka våre -

6 kommentarer: