høyr
kor stille det er,
kor
nattlydane kappast om
å
ikkje verte høyrte – eller sett
av
dei mørke skuggane
som
snor seg mellom trea, over marka,
mellom
hus og gjerdestolpar
kjenn
kor roleg natta voggar
sine barn til stille gløymsle –
kven
hugsar sine dårlege handlingar
eller
fastbrent sinne eller
ord
som kom så altfor skeivt
-
i draumeland?
så
kjem dagen listande
på
sokkeleisten over doggvått gras
og
kviskrar ømt mot rosa kinn,
eit
kyss frå lyset, kyss frå dagen
(-
eit judaskyss for plaga sinn)
og vekker sine barn frå nattedvalen
Som regel veit eg berre at eg har drøymt,,
SvarSlettSikkert like greit å ikkje hugse kva!?
Fin kveld til deg og dine :-)
Fin "tolkning" av morgengry. :)
SvarSlettNå ønsker jeg god kveld.
Jeg leser og leser, ser og ser og undrer på om det aldri helt tar slutt hos deg :-) alle disse vakre kloke ord...
SvarSlett